Som medlemmene veit leiger Klubben areal til bane, men avtalen for noverande bane går ut i 2019 og utleigar har no andre planer
. Lærdal Golfklubb melder no inn eit nytt areal som angitt i teikning, med areal frå fleire grunneigarar som alle er positive. Den nye bana vil starte som eit seks-hols anlegg men klubben ønsker på sikt å auka til eit ni-hols golfanlegg
.
Luftfoto med innteikning (gule streker) yttergrense for areal.
Klubben ved Styret takkar NyBane-komiteen for godt arbeid og ser framover til god innsats frå heile klubben.