Kategoriarkiv: Ymse

Medlemsmøte tysdag 14. desember 20:00-21:15

KLIKK HER FOR Å DELTA PÅ MØTE(TEAMS)

Me vil arrangere eit medlemsmøte(andre kan delta også) for ein liten oppsummering for status på golfbaneprosjektet. Me har i tillegg fått med oss Frode Hov som er dagleg leiar i Lofoten links som skal fortelja om det fantastiske prosjektet dei har fått til der «oppe».
Håpar mange vil delta på møtet!
Agenda:
1: Prosjekt: Reguleringsplan og KU Petter
2: Prosjekt: Finansiering, Per Åke
3: Frode Hov, Lofoten Links

Me jobbar også med nokre andre punkt på agenden men kjem tilbake til dette.

Vel møtt!

Petter og Per Åke


 

Klubbmesterskap 2021 søndag 22. august

På Hemsedal GK sin bane – KLIKK HER FOR RESULTAT i GolfBox. Val Herre, Senior, Alle
Etter ordinært spel var det likt 81 slag mellom Per Åke Evjestad og Per Gisle Dvergedal. Omspel:
Hol 1, par 4, begge spelarar 4 slag
Hol 10, par 4, begge spelarar 4 slag
Hol 17, par 4, Per Gisle 4 slag, Per Åke plukka opp.

Klubbmeister 2021 vart Per Gisle Dvergedal.
Takk til spelarane, turneringsleiar Øystein Ullebø Sandnes og assisterande turneringslaiar Petter Lossius.
Spesiell takk til Hemsedal Golfklubb for klargjering bana.

Grunna feil i oppsett bane vert det ikkje kåra vinnar i Stableford konkurranse.

Status 26. mars 633.400 kr.

Bidra no økonomisk for å få realisert ei ny 9-hols golfbane!

Flott auke so langt i mars. Fantastisk bra innsats!

I dag 26. mars er summen medlemane og andre har bidrege med 633.400.

Takk til dei som sender sms og e-postar til golfarar og andre om å bidra i prosjektet. Fortset med det.

Oppdatert 26. mars , klokka 22:05

Medlemsandel

Greenfeepakke

Gåver med skattefrådrag

Grasrotandel

Oppdatert 26. mars , klokka 22:05

Medlemsandel: 555.000 kr (475.000 kr 01.03.2021)

Greenfepakke: 10.000 kr (10.000 kr 01.03.2021)

Gåver med skattefrådrag: 68.400 kr (18.200 kr 01.03.2021)

Totalt: 633.400 kr

Grasrotandel 2021: 7924 kr/75 gjevarar (5.950 kr/73 gjevarar 01.03.2021)