Medlemsbidrag for etablering av ny golfbane – med gjeldande spelerute

Forfattar og kontaktperson Per Åke Evjestad (endra 21. desember):
.
Etter ekstraordinært årsmøte 17. desember vil me starta arbeidet med å hente inn kapital til etablering av ny golfbane på Ljøsne.
Medlemar og andre kan bidra på fleire måter for å få realisert golfbana.
Desse midlane vert ståande på konto da klubben har nok midlar til prosessen som vert kjørt no med Privat Reguleringsplan.
.
Medlemsandel
Vaksen hovudmedlem 10.000,-
Ektefelle/sambuar 7.500,-
Hvis ein kjøper andel er prisen med fritt spel kr 1.000,- lågare pr år enn uten andel.
Innbetaling av medlemsandel avtalast med klubben med omsyn til tid.
Me ser helst at summen vert innbetalt i løpet av 12 månader.
Medlemsandelen er personleg og er ikkje tidsavgrensa.
Ynskjer du å kjøpe medlemsandel send ein e-post til pevjestad@gmail.com der du skriv navn og medlemsnummer og om du vil betale inn beløpet heilt eller delt.
Konto som skal nyttast til dette er: 3730.06.56510
Lærdal Golfklubb vil i etterkant laga til eit andelsdokument med andelsnummer og kva du har betalt for og kva rettar du har med andel.
Dersom det ikkje blir realisering av bana vil innbetalt andelsum bli tilbakebetalt.
.
Gåver – med skattefrådrag !
Alle vil bidra for å få realisert ei golfbane kan gje eit bidrag til klubben.
For å få skattefrådrag må gåvebeløpet vere mellom 500-50.000. Skattefri del er 22 %.
Ynskjer du å gje ei gåve betalar du dette inn på konto 3730.06.56529 og send ein e-post til pevjestad@gmail.com med Namn, adresse og gåvesum slik at me får registrert det.
Gåver som er gjeve innan 31.12.2020 blir rapportert til skatteetaten 10. januar 2021 og vil koma på sjølvmeldinga for 2020.
Dette gjeld for både privatpersonar og bedrifter.
.
Klikk for å sjå gjeldande baneteikning
.
Sal av greenfee-pakke – kun 2020/2021.
20 stk greenfee til kr 5.000,-
Normal greenfee på 9-hols bana vil vera 350,-. Rabatt blir då 2.000kr/100kr pr greenfee.
20 stk greenfee billetter blir tilsendt når bana opnar. Kan nyttast innanfor ein periode på 3 år frå baneopning.
Ynskjer du å kjøpe greenfeepakke send ein e-post til pevjestad@gmail.com der du skriv navn og at du vil kjøpe greenfee-pakke. Greenfeepakken kan gjevast vekk til andre om ein ynskjer dette. Det er kun den som har kjøpt pakken og familie som kan nytta pakken.
Konto som skal nyttast til dette er: 3730.06.56510.
Lærdal Golfklubb sender ut ein bekreftelse på bestillingen og greenfee pakken blir sendt ut før baneopning.
Dersom det ikkje blir realisering av bana vil innbetalt sum bli tilbakebetalt.
.
Klikk her om du vil se sakslista frå 2020-12-17 LeGk Ekstraordinært Årsmøte om finansiering