Framdrift Arbeid Ny Bane

Tekst er sortert så nyaste aktivitet står først.
.
19. februar, Ordfører Audun Mo og Magnhild Aspevik arrangerte møte med Kommunal og DistriktsDepartementet, KDD, om framdriften. Saka var ikkje komen til avgjerd hos KDD enda. Viktige personer nå hos KDD er Statsråd Erling Sande, Statssekretær Sigrun Wiggen Prestbakmo, og utredarane for saka som er Frode Davidsen og Knut Grønntun.
Knut Grøntun poengterte i møtet dette med vassforskrifta. Golfklubben har kontakta Pål Mellbye hos NGF om dette og om å bista kommunen på denne saken, spesielt i høve gjødsling. Dette er et emne som gjeld alle golfbaner alle stader og spesielt hos oss har NOBIO opparbeid kunnskap til hjelp for golfen her.
.
29. januar, klubben hadde møte med Årdal Kommune og næringslivsrepresentatar Årdal om den viktige støtta fra Årdal, som vi trur vil hjelpe mye med å få støtte fra Sogn ellers. Møte var på Sitep hos Årdal Utvikling og vi fikk med Ordfører Christian Sønstelien og fleire fra nærlinglivet i Årdal.
.
2024
.
31. desember – slutt på et år – klubben er fremdeles gjeldsfri takket være medlemskontingent. Vi har brukt over kr 600,000 på planer og godkjenninger bane, spesielt mye på utlegg kring NVE si motsegn på flaumkartlegginga, som ble trukket våren 2023 etter godt arbeid fra oss.

17. desember, Julehelsing fra klubben til våre tolmodige grunneigarar ved den nye bana.
16. desember, hilsener fra Pål Mellbye hos NGF og Odd Holde, Hemsedal Golfklubb. Hemsedal bli baneklubb for Lærdal også i 2024. Vi takker for det!
14. november, møte med Kommunal og Distriktsdepartementet
04. september var det kake hos Sparebanken Vest – takk for kr. 200,000 til Golfbaneprosjektet.
15. juni synfaring med Kjersti Bjørnstad (Sp), statssekretær i Klima og Miljøverndepartementet
15. juni synfaring med Stortingsrepresentant Ove Trellevik (Høgres)
10. mai banearkitekt Svein Drange Olsnes to dagar i Lærdal på bane-området på Ljøsne
20. februar – Kommunen sender endra Flaumsone-kart til NVE – NVE har sidan trukke motsegn
16. februar – Metopro jobber med Norconsult om endra Flaumsone-kart
08. februar – Departementet varsler de venter på avgjerd NVE
19. januar, møte Lærdal Kommune med NVE, Metopro, Norconsult om Flaumsone-kart
01. januar – Hemsedal Golfklubb held fram som baneklubb for Lærdal Golfklubb – LeGk takker for støtten
.
2023
.
21. desember – det er ikkje kome avgjerd i saka om ny golfbane.
Klubbstyret ønsker GOD JUL med framleis von positivt resultat.
.
16. desember – Ny beskriving Flaumsone til NVE, ventar på avgjerd om NVE trekk si motsegn.
Etter synfaring/møte 10. november har golfklubben ved prosjektleiar Trond Øyen Einemo avklart oppdatert Flaumsonekart (fra Norconsult). Kommunen ved Monika Lysne har send dette vidare til NVE, Vassdragsvesenet. NVE hadde ei motsegn til bana i høve innhald rapport Flaumsone. Dette skal no være ordna og Kommunen og golfklubben venter på avklaring fra NVE om dei trekker motsegn.
.
22. november – Motteke Miljødirektoratet si tilråding for detaljregulering golfbane
.
10. november – Det var synfaring med Kommunaldepartementet, Miljødirektoratet, NVE, Energidepartementet, Statsforvaltar i alt 17 deltakarar medrekna kommunen og golfklubben. Det var møte og lunch på Håbakken før synfaringa.
Synfaringa vart formelt arrangert av Statsforvaltaren, praktisk av kommunen.
Under møtet hadde klubben ei kort presentasjon ved Per Åke, og det var gode og positive innlegg fra Lærdal Kommune ved Audun Mo, Gunn Lerøy og Magnhild Aspevik.
.
1. november – ny søknad spelemidlar til nya bana (vert gjentatt kvart år til midlar vert tildelte).
.
23. september – Flaumsonekartlegging ved Norconsult – ikkje endring, lite/ikkje påvirkning på naboar grunna bana.
.
1. september – avklaring at det ikkje er kulturminne som kan være problem for bana.
.
10. august, Lærdal Kommune har vedteke å gå inn for planen.
Her er link til 11-siders dokument: Klikk for dokument. Planen vert no sendt til departementet for videre handsaming. Kommunen er samd i at området har store naturverdiar, men meinar at dei negative konsekvensane kan aksepterast i høve dei positive konsekvensane for næring, buattraktivitet, nærmiljø og idrett (medrekna folkehelse).
.
Klikk for å sjå gjeldande baneteikning (enkel, med vatn)
Gjeldande baneteikning er justert noko frå dette grunna meir urørt område mellom hol

.
30. juni, Etter Høyringa: NVE krev vidare utgreiing om flaum og risiko for bana. Trond Øyen Einemo er i kontakt med Norconsult som vil fullføre ny rapport slutt august.
.
30. juni, frå Monika Lysne og Lærdal Kommune: Dialogmøte avlyst
Me har hatt dialog med Statsforvaltaren angåande dialogmøte og meklingsmøte, og dei er tydelege på at dei ikkje kjem til å inngå kompromiss i denne saka.  Dvs. at dei ser det som lite hensiktsmessig å ha verken dialogmøte eller meklingsmøte i denne saka, då dei meiner at det uansett endringar på golfbana, vil føra til for store negative konsekvensar for naturmangfaldet.
Ordførar og Statsforvaltaren er difor samde om at det ikkje vert kalla inn til nytt dialogmøte i saka, sidan Statsforvaltaren er tydeleg på at det ikkje er mogleg å inngå kompromiss.  Me jobbar difor no med å sende saka over til departementet for endeleg avgjerd. Saka må handsamast av kommunestyret for å vedta ei slik oversending.
.
30. juni: Når det gjeld arealet for utviding av masseuttaket, så har kommunen ein moglegheit til å vedta reguleringsplanen for delar av planen som ikkje har motsegn. Me ventar no på stadfesting frå Statsforvaltaren på at motsegna deira berre gjeld for arealet for golfbane, og ikkje arealet for utviding av masseuttaket. Me har sett frist til neste veke for denne stadfestinga. Dersom Statsforvaltaren gjev oss ei slik stadfesting, har me moglegheit til å fremje den delen til vedtak i neste kommunestyremøte.
.
1. juni, Etter Høyringa:  Prøver ein gong  til – Dialogmøte med Statsforvaltaren sitt fagmiljø (igjen kansellert av Statsforvaltaren)
.
25. mai, Etter Høyringa: Dialogmøte med Statsforvaltaren sitt fagmiljø (vart avlyst av Statsforvaltaren)
Dialogmøte  vert arrangert av Lærdal Kommune, men Statsforvaltar har krevd møte på Leikanger. Monika Lysne (Lærdal Kommune) har kalt inn Petter Lossius og Per Åke Evjestad for klubben, og prosjektleiar nye bana, Trond Øyen Einemo.
.
4. mai, Høyring avslutta, tre motsegner.
.
21. mars 2022 – Nye bana er no ute på Høyring – Høyringa tek 6 veker, slutt 4. mai.
.1. juni, Dialogmøte etter Høyringa – Dialogmøte vert arrangert av Lærdal Kommune, men Statsforvaltar har krevd møte på Leikanger. Monika Lysne (Lærdal Kommune) har kalt inn Petter Lossius og Per Åke Evjestad for klubben, og prosjektleiar nye bana, Trond Øyen Einemo.
.
4. mai, Høyring avslutta, tre motsegner.
.
21. mars 2022 Nye bana er no ute på Høyring – høyringa tar 6 veker.
Slutt høyring er 4. mai.

.
Desember 2021 – Medlemsmøte med orientering om framdrift.Reguleringsplan er klar og går til kontroll hos Lærdal Kommune
.
Juli 2021, Status Bana No og Arbeid Framover er å få klar Reguleringsplan
Vår 2021 fekk me inn midlar frå medlemmer, vener av klubben,
Lærdal Kommune (kr. 1,200,000, 29. april)
Sparebanken Sogn og Fjordane (kr. 300,000, 12. mai)
Sogn Sparebank (kr. 100,000 26. mai)

Samla over 2,500,000, som er ryggrad no i finansieringa. Plan for anlegg ligg på 11,500,000, som vil utløyse 3,300,000 i stønad spelemidlar. Me er difor omlag halvveges i finansiering. Med del dugnad i plan på 2,000,000 står med sterkt, med over 7,000,000 no under kontroll.

Sjølve planarbeidet trefte motstand da Statsforvaltaren Vestland (tidl. Fylkesmann) melde dei vil legge inn motsegn grunna sjeldne insekt i gamle flumområde ved elva Nivla. Denne elva er regulert med produksjon vatnkraft sidan 1970-talet, men bio-folka hos Statsforvaltaren meiner den gamle biotopen med roten flaum-skog framleis er i live. Det er og varsel knytt til vern turre eng-felt på bane-området, med pollinerande insekt, men den er ikkje problematisk.

Kommunen si politiske leiing ved Kommunestyret og partia har signalisert dei støtter videre arbeid med bana, difor held me fram. Eng og pollinerande insekt klarar me greitt å ta vare på, og utvide områd for og, da NIBIO, NGF anlegg, STERF og fleire golfbanar i Noreg driv store prosjekt på akkurat eng, som vi greitt kan kopiere. Men å sikre roten skog midt på baneområdet er ikkje greitt, så golfklubben sitt framlegg om plan for regulering av området til golfbane kan berre halde omlag halve av den gamle flaumskogmarka uendra.

Dei formelle stega framover er å ha klar reguleringsplan, sende den til kommunen i september der den vert handsama og så kjem 6 veker offentleg høyring. Utanom Statsforvaltaren si motsegn trur me alle andre omsyn er teke vare på (nabo, tursti, elvelag, vegvesen, vassdrag, folkehelse, golfforbundet anlegg om sikkert spel). Me trur me har avbøtande tiltak for det me skal. Normalt ville difor kommunen godkjent og gitt byggeløyve og alt kunne ha starta i haust.
Grunna motsegna, når kommunen gir godkjenning må saka må vidare til Miljøverndepartementet. Me er usikre om golf, lokal vekst og folkehelse har vener der.
.
.
Mai 2021
Spelemiddelsøknad godkjend
Fullføring KU bio-vatn (bio-land er klar), konsekvensutredningane, ferdigstille Privat Reguleringsplan
Dei krave som vart stilt under siste høyring er lista i Planprogrammet .
.
Desember 2020
20. desember – Utlegging artikkel om Medlemsbidrag no
21. desember – Golfbana høgt oppe i 20/6397 Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021-2024
17. desember – Ekstraordinært Årsmøte gått inn for at klubben støtter Lærdal Golfbane AS med 1,000,000. Beløpet gis som lån eller utviding aksjekapital.
2. desember – Ståle, Petter SYNFARING på bana med entreprenørar Odd Inge Brugrand og Torstein Hæreid. Ola Inge Voll-Lunde og orientert.
1. til 20. desember – Fleire møte med golfbanearkitekt Svein Drange Olsnes, inngåing avtaler om teikning spelerute og klargjering banekart for Spelemiddelsøknad. Sjå link lengre nede.
.
November 2020
25. november – Endeleg Planprogram er vedteke av Kommunestyret.
Klikk for å opne endeleg Planprogram
14. november – Banearkitekt Svein Drange Olsnes, kontakt og avtaler.
.
Oktober 2020
31. oktober – SYNFARING – Agne Strøm fra Norwegian Greenkeepers Association synfaring på bana.
.
September 2020
Trond Øyen Einemo i Meto Pro as er kontaktperson for planprogrammet
22. september – SYNFARING – Agnar Kvalbein var på synfaring bana og hadde gjennomgang plan bana, stell gras, og spesielt om lokale masser i Lærdal er egna som fullmasse, vekstmasse, green dressing og bunkersand.
KU – Konsekvensutredning for Privat Reguleringsplan er i gang med to oppdrag ute, «biologisk mangfald» og «biologisk mangfald vatn».
Neste er å gå gjennom innspel frå høyringa og klargjere dokument for politisk vedtak, målsetting er start oktober.
.
August 2020
Høyring for PlanProgram vart avslutte 21. august.
Oppfølgning blir å klagjere Privat Reguleringsplan – Konsekvensutredning, KU – dette skal avklare innspel fra Høyringa.
Trond Øyen Einemo er prosjektledar for arbeidet med KU, dette har starta med innhenting tilbod.
.
Juni-Juli 2020
Start Høyring var 28. juni – Klikk for dokument for Høyring Planprogram – Høyring går seks veker fram til 10. august 2020 – endra til 21. august.
.
Mai 2020
Styremøte Lærdal Golfbane AS torsdag 28. mai vedtok å be Trond Øyen Einemo og metopro AS iversetting Høyring
.
Kommunestyremøte mai 2020 vedtak: Kommunestyret er positiv til at planområdet for ny golfbane på Ljøsne vert utvida til å omfatte masseuttak på Mo, og at framlegg til Planprogram for felles planprosess vert lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.
.
April 2020
Planprogram var oppe i Formannskapet 23. april, som vedtok å sende det videre til Kommunestyret med forslag om følgjande vedtak: Kommunestyret er positiv til at planområdet for ny golfbane på Ljøsne vert utvida til å omfatte masseuttak på Mo, og at framlegg til Planprogram for felles planprosess vert lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.
Planprogram – Innsending
Forslag Planprogram levert 14. april av metopro ved Trond Øyen Einemo for Lærdal Golfbane AS og Voll-Lunde Maskinforretning.
.
Mars 2020
Lærdal Golfbane AS etablert, 26. mars 2020.
Signering rammeavtalar om feste 30 år, februar 2020.
.
Desember 2019
Offentleg Høyring Prosjekt Ny Golfbane
Kunngjering av oppstart og offentleg høyring av prosjekt (på Sløgrandane) fram til februar 2020.
Prosjekt presentert ved Odd Inge Mo på arrangement LNU, 11. desember 2019.
Ekstraordinært Årsmøte i Lærdal Golfklubb, godkjenning AS og arbeid med ny plan, 20. november 2019.
Golfklubben presentert prosjekt for Formannskapet, 14. november 2019.
Oppstartmøte med Monika Lysne, Alf Magne Hjellum, 11. november 2019.
Start arbeid med område ved Ljøsne Skule, Sløgrandane og elva Nivla.
.
.
.
Stopp arbeid med område på Nedre Ljøsne.
Stopp første baneområdet grunna auke kostnad etter ny kalkyle bru, september 2019.
.
Før stopp vart følgjande gjennomført, alt vert nytta i videre arbeid.
Kunngjering av oppstart offentleg høyring av prosjekt (Nedre Ljøsne) – gjekk fram til 10. august 2019.
Godkjenning forslag prosjekt, vedtak om offentleg høyring prosjekt, Lærdal Kommunestyre, 19. juni 2019.
Golfklubben presentert prosjekt for Lærdal Kommunestyre, 19. juni 2019.
Våren 2019, forprosjekt utarbeid av Harald Husabø, BDO. Golfklubben fikk støtte frå LNU kr. 125000 – levert til LNU ved Ole Ramshus Sæltun juni 2019.
Ekstraordinært Årsmøte i Lærdal Golfklubb som godkjente at Styret kan bruke midlar på arbeid med ny bane, 8. januar 2019
Norges Golfforbund ved Pål Melbye på synfaring, august 2018.
Baneteikning klar, Morten Asperheim.
Fleire møte med grunneigarar på Håbakken og hos LNU, signering rammeavtaler.
2017-2018 Fleire møte hos Lærdal Næringsutvikling, LNU (Arve Tokvam) med Lærdal Kommune (Jan Geir Solheim, Magnhild Aspevik, Magne Grøttebø, Monika Lysne), Lærdal Bondelag (Njal S. Golf), NIF Sogn og Fjordane (ingrid Narum), Visit Sognefjord (Ståle Brandshaug).