Kategoriarkiv: Ymse

Klubbmeisterskap

Link til Leaderboard i GolfBox KM vart arrangert laurdag-søndag 19-20. august med 20 startande. KM gjekk over 36 hol. Bana er særs bra og banekomiteen rådar alle til å spele no på dei beste greenane vi vil ha denne sesongen. Takk til Gerd og Laila for traktering med varm mat begge dagar, takk til Ole Kristian, Jan og Petter for arrangement med elektronisk leaderboard og til greenkeepar Martin for bra stell og grei setting flagg.

Instruksjon 3. og 4. juni. Hydrogolf. Juniortrening. Protimar.

Følgjande golfaktivitetar med pro Donovan Goosen frå Sunnfjord Golfklubb:

Vegen til golf praktisk kurs:

Laurdag 3. juni og søndag 4. juni 9-12 begge dagar.

Junior trening:

Tom 9 år: Laurdag 3. juni 13-14 og Søndag 12-13.

10 år og eldre: Laurdag 3. juni 14-15 og søndag 4. juni 13-14.

Hydrogolfgruppe instruksjon: Laurdag 3. juni 15-17.

Dersom nokon vil ha private protimar er det ledig laurdag 3. juni 17-18 og søndag frå 15-18. Pris pr time er 450,- kr. Påmelding til Per Åke på mob 41748768.

 

Long Shot resultat søndag 21. mai

Gratulerer til Tore Gjerdalen for jamnt spel og bra nettoscore. Litt grått sommarver men bra temperatur. Graset kjem godt no på fairway, men greenar var litt treige.
1 – Tore Gjerdalen – Netto 70 slag
2 – Mats Karlsson – Netto 74 slag
3 – Oddvar Aalen – Netto 77 slag
4 – Ole Morten Hestetun – Netto 79 slag
5 – Didde Gjerde – Netto 82 slag
5 – Odd Inge Mo – Netto 82 slag
7 – Kevin Lund Olsen – Netto 85 slag

Sommarserien så langt
Neste turnering er Texas Scramble torsdag 1. juni, velkommen!