Bana framover – vanleg spel – dugnad 28. oktober

Frå 1. oktober vert alt klippt på dugnad. Er vi heldige og det vert mildt i oktober vil gras-tilhøva variere meir enn no.
Haustdugnad vert – truleg – laurdag 28. oktober. Den kan bli flytta fram om veret ser ut til å bli kaldt.
Turneringskomiteen vil vurdere om vi får til ei Long Shot turnering i oktober. Vertilhøva bestemmer mykje der.
Siste terminfesta turnering er Romjulsgolfen, laurdag 30. desember.