Bane-status 29. mars – STENGT – Ikkje Endra

Bakken er anten ishard av tele, eller blaut, på alle hol grunna overvatn og tele. Det er tele på greenar og dei kan ikkje spelast. Hol 1 og 3 har is/vatn på fairway og framleis lite sol. Vårvarmen kan endre dette, men tela må gå først og veret er framleis meldt kaldt. Fram til Skjærtorsdag var det framleis nattefrost (-5 °C) og inga endring.
Me held auge med status men bana vert ikkje opna i Påska.
Dugnad blir laurdag 7. april.

Klubbturen til Spania 2018

Klubben sin tur 2018 vart vellukka med godt ver alle rundar. La Manga Club hotell Principe Felipe er ***** med fine baner tett inntil, tilgang spa, godt utvalg restauranter og det vart mykje god mat og drikke. Berre seks medlemmer deltok: Terje Bakken, Tore Gjerdalen, Trond Eirik Jentoftsen, Mats Karlsson, Petter Lossius og Vidar Øygard. Fint å reise frå iskald Gardermoen til solvarm Alicante. Vi spelte La Manga North, South, West og North. Tur-turneringa var bruttoscore med lag satt opp for jamnast hcp, tre runder (North, West, North). Terje/Petter vann med 622 slag, foran Tore/Vidar. Onsdagen var det ekstra Scramble over ni hol på La Roda der Tore/Vidar vann. Diskusjon gjekk om klubbtur til høsten (Skottland?) og neste år. Spel inn på facebook-gruppa om du har ei meining om dette.

MatchCup 2017

Det var 20 personer med iår fordelt på 5 grupper der alle fekk min 3 kamper kvar. Etter gruppe spel der dei 3 beste gikk vidare til finale spill var det til slutt Ole Kristian Øren og Tor Erik Moen som stod i Finalen. Kanskje ikkje so uventa da desse har hatt ein god sesong. Etter ein ganske so jevn kamp var Ole Kristian Øren som gjekk sigrande ut av matchen, 2 og 1.
Gratulerer til vinnaren og takk til alle som deltok i matchcup 2017 (premieutdeling på Årsmøtet i februar)
Mange spennande og tette kampar har det vore og me ser fram til neste års MatchCup.
Turneringskomiteen MatchCup 2017 ved Jan Lunde